Boktinging frå Norsk Bokreidingslag
|
Norsk BokreidingslagBokreidsla hev gamal tradisjon i Vestmannalaget. Og etter som rettskrivingsstriden kveste seg til i 1920- og 1930-åri vart det i laget tala um å finna rådgjerder so at det framleis kunde koma bøker på tradisjonell og klassisk nynorsk. I 1938 sette Vestmannalaget i gang ei innsamling til eit "driftsfond for bokutgjeving". Og på eit målmannsmøte som laget skipa saman med Vestlandske Mållag, i Bergen 28. desember 1938, vart stjorni i Vestmannalaget, saman med Severin Eskeland, Tjodvald Gjelsvik og Sverre Tveito, valde til å fyrebu skipingi av Norsk Bokreidingslag L/L, som namnet vart. Bokreidingslaget skulde hævda og halda uppe tradisjonen frå Ivar Aasen i dei bøkene laget gjev ut. Vestmannalaget skøytte inn i laget dei pengane som var komne inn i landsinnsamlingi, og tok sjølv mange luter. Bokutgjevingi kom i gang alt fyrste året Bokreidingslaget var skipa. Høgsterettsadvokakt Tjdvald Gjelsvik var formann frå skipingi i 1930 og til han fall frå i 1961. Deretter styrde sonen, høgsterettsadvokat Ivar Gjelsvik, med laget til dess prost Alv Askeland, Tysnes vart formann i 1972.
Nye bøker:
Ragnvald Vaage
|
Ragnvald Vaage (1889–1966) nådde store høgder som barnebokforfattar, men var samstundes ein av dei fremste lyrikarane her til lands i fyrste helvti av 1900-talet. Med språkleg meisterskap, innleving og klangrikdom skildrar han landskap og folkeliv i Sunnhordland – og vidare med – i kvardagsstrev og sundagsglans.
«Det kling, skin og svingar av setningane», skriv barnebarnet hans, Lars Amund Vaage, i etterordet i denne utgåva, i eit skynsamt og personleg portrett av bestefaren. Tidlegare denne hausten kom han med romanen Det uferdige huset, som ogso tek utgangspunkt i diktarlagnaden til denne séreigne lyrikaren og striden hans med «plog og penn», med å sameina dei nære krav og dei store diktarsyner.
I band kr. 298,-
|
Aasmund Olavsson Vinje
|
Dette året er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd og 150 år sidan Vestmannalaget vart skipa. Det var nært samband mellom den fyrste store landsmålsdiktaren og det fyrste mållaget i landet. Og komponisten Edvard Grieg stod i ideologisk og kulturell meining på den same grunnvollen som Vinje og Vestmannalage
Denne jubileumsutgåva av Vinjesongane vil heidra to av merkesmennene i norsk litteratur- og musikkliv på 1800-talet. Innsiktsfulle føre- og etterord er utforma av høvesvis litteraturvitaren Jørgen Magnus Sejersted (UiB) og musikkvitaren Arvid O. Vollsnes (Senter for Griegforsking, UiB og UiO).
Pris hefta utgåve kr 160,-
|
Edvard Alme
|
Edvard G. Johannessen (1848-1922), eller Edvard Alme som han kalla seg i litterær samanheng, var ein fin måldyrkar og ein framifrå umsetjar. Han gav ut fleire verdfulle attdiktingar av både Goethe og Shakespeare, Lord Byron og Robert Burns. Då utvalet hans med Shakespeare-sonnettor vart prenta for fyrste gong i 1918, meinte Halvdan Koht at dei norske tekstane var «minst likso elegante og malmfaste» som dei engelske. Og meldaren i Haugesunds Avis tykte at «det litt arkaistiske landsmaal oversætteren bruker passer glimrende til at gjengi Shakespeares stil».
Berre 19 år gamal var Edvard G. Johannessen med på å skipa Vestmannalaget i 1868, og han vart verande lagsmann i heile 54 år. Formann var han frå 1879 til 1908. I høve av 150-årsdagen for Vestmannalaget 21. januar 2018 sender forlaget ut ei ny utgåva av den no 100 år gamle diktboki. Etterordet er av Jon Askeland, formann i Vestmannalaget i jubileumsåret.
|
Per Sivle: Dikt i samling
| Per Sivle (1857 1904) har skrive songar og dikt som i lange tider har høyrt til songskatten vår. Det er nok å nemna «Den fyrste Songen» og «Lerka», personlege dikt som lesarane òg kan leva med i; dei må reknast som høgdepunkt i lyrikken hans. Mange dikt av Sivle er knytte til hans eigen lagnad, men ein vil òg minnast hans kraftfulle sogedikt med emne frå norrøn tid, slik som «Tord Foleson» og «Svolder». Sivle sette nok slike dikt inn i den nasjonale striden i si samtid. Attåt vil me finna dikt med sosial appell. Sivle hadde medkjensle med taparane. Her er alle dikt frå fem samlingar, utgjevne frå 1894 til 1901, prenta utan endringar. «Lause Dikt» er òg tekne med.
I band kr 258,- |
Eigil Lehmann: Dikt i utval
| Den 29. januar 2007 rundar kyrkjemannen, ordbokskrivaren og måldyrkaren Eigil Lehmann 100 år. Han er ogso ein framifrå lyrikar, og i høve dagen sender forlaget ut ei bibliofil utgåve av nokre av dei beste dikti hans. Utvalet er henta frå Vilja de lyda (1967), Lilja i dal (1981), Atturljóm (1983) og Ettirrakstur (1990). Utgåva er nummerert. Utval og fyreord av Jarle Bondevik.
I band kr 150,- |
Jostein Krokvik: Klokkevisaren | Jostein Krokvik vart 80 år 4. januar. Til dagen hans gav forlaget ut Klokkevisaren, som er den tredje lyrikkboki frå hans hand. Dette er ei diktsamling rik på litterære allusjonar (til Preikaren, Garborg, Olav H. Hauge m.fl.) og med tematisk konsentrasjon kring liv og tid som gjeng mot slutten og dauden som ventar bak dei siste blånar, i det gåtefulle grenselandet for vår eksistens.
Jostein Krokvik debuterte med romanen Fangevaktaren i 1969 og hev sidan den tid gjeve ut i alt 27 bøker.
SKYMINGI
Skuggane vert lange
i den mjuke skymingi
som varslar
at kvelden og den djupe natti
ventar
på å strjuka ut dagsens dårskap
med mildt myrker
Hefta kr 150,-
Ei sjeldsynt fin diktsamling
Til 80-årsdagen åt forfattaren sende Norsk Bokreidingslag ut Klokkevisaren, den tredje diktsamlingi Jostein Krokvik hev skrive. Og dette er ikkje ei samling med slumpesamt samanfletta tekstar, det er ei velkomponert bok med tematisk konsentrasjon kring liv og daude, tid og æva, upphav og endelykt.
Det personlege og nære gjeng hand i hand med det ålmenne og universelle. Motivet kann gjerne vera henta frå nærmiljøet og frå personlege upp-levingar, men Krokvik maktar å setja det lokale og kvardagslege inn i ein større meiningsutvidande samanheng.
Denne boki er ei samling tankedikt i ei kondensert, tett form, som Krokvik meistrar til fullnads. Det stend fram ein både kvass-tenkt og spyrjande eg-person som grundar på dei store spursmål i tilveret. Han ser meiningsløysor og slikt som gjev grunnlag for angest og mismot, men anar òg det som ber bod um betre tider og ny vokster.
Det kunde vera freistande å sitera mange av dikti i Klokkevisaren: det sjølvbiografiske opningsdiktet «Sona-torrek 1987», det interterkstuelt pregnante «Spør vinden», titeldiktet «Klokkevisaren hastar på», eller tekstar med ironisk vri, som til dømes «Då eit halmstrå slitna» og «Dauden og kjærleiken». Men me vel å gjeva att nokre linor frå det metapoetiske diktet «Loggbok»:
desse dikti
er i
røyndi
dagsmeldingar berre
innførde i loggboki
utan stor systematikk
på den løyndomsfulle
ferdi
frå ukjend påstigingsstad
til ukjend avstigingsstad
For denne lesaren vart Klokkevisaren ei sjeldsynt fin diktuppleving. Utan å gjera seg til, med einfelde ord og bilete frå kvardagslivet, men med perspektivopnande metaforar og i dialog med lyrikarar som Olav H. Hauge og Arne Garborg, Egil Skallagrimsson og Preikaren, skaper Krokvik ei diktverd og eit diktverk med rike klangbotnar.
«Meldar» i Vestmannen nr. 1/2007
|
A9 - Namnesamlingar av Ivar Aasen | inneheld tekster som vart skrivne so å seia gjennom heile Aasens arbeidsbolk, frå 1838 til 1883. Dei fleste tekstene er leksikalsk tilfang som gjeld namn og nemningar som fell inn under personnamn, stadnamn, plantenamn og dyrenamn. Dei er vitnemål om den ihugen Aasen synte andsynes onomastikken og det som på hans tid vart kalla naturhistorie. Gjennom sume av tekstene, serleg dei som gjeld personnamn, kjem Aasens interesse for ein nasjonal renessanse i namnebruken fram. Attåt tekstene om namn inneheld boka «Søndmørske Ordsprog», som er eit tidleg arbeid av Aasen, og manuskriptet «Sexualia». Dette bandet avsluttar ein ti-bandsserie med for det meste uprenta manuskript av Ivar Aasen. Den fyrste boka, Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen, kom i 1992. Til saman er kring 80 større og mindre tekststykke (i alt 2163 sider) prenta i denne serien. Namnesamlingar av Ivar Aasen
er utgjeven av professor emeritus Jarle Bondevik og professor Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.
Ivar Aasen-selskapet
har i hovudsak hatt til oppgåve å gjeva ut uprenta manu-
skript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A,
Tekster, som med dette vert avslutta, og Serie B,
Kommentarar og studiar.
250,- |
Norsk språk og kultur i Vesterveg | Fyredrag frå seminar 2. juli 2005 ved Vestnorsk Utvandringssenter, Sletta Radøy. Innledning: Asbjørn Ystebø og Jon Askeland
Helge Sandøy: Korleis ein gammalnorsk dialekt blei til det færøyske språket.
Tom Rendall: The Heritage of the Norse Language and Culture in the Orkney and Shetland Islands.
Verlyn Anderson: Han Ola og han Per, an Immigrant Comic Strip: Norwegian Dialects in the American Midwest.
Peter Hallaråker: The Ivar Aasen Language among Norwegians in America.
Endre Brunstad: Språkrøkt på Island og Færøyane i dag.
100,- |
Festskrift til Johannes Gjerdåker | Johannes Gjerdåker er eit lysande namn i kulturlivet her til lands. Utan fast institusjonstilknyting hev han teke på seg viktuge uppgåvor som tradisjonsberar og som umsetjar. Han skipa i si tid sitt eige vesle bokreidingslag på Voss, Vestanbok forlag, og sytte for å halda uppe arven etter Ivar Aasen gjenom nyutgjevingar av bøker som til dømes Norske ordsprog (1982) og Prøver af Landsmaalet i Norge (1985). Eigne skrifter um historiske og kulturelle emne hev det etter kvart vorte mange av. Som umsetjar er han i ein klasse for seg. Med sine store kunnskapar, sin sikre stilsans og sin språklege kunstnargivnad hev han gjeve oss ein bokskatt på norsk frå framande kulturar og farne tider. Bøker som Dikt og songar av Robert Burns (1996 og 1998), Ruba?iyat av Omar Khayyam og Odar av Horats (2001) er lyriske perlor og i seg sjølv minnesmerke yver eit poetisk fagnaverk. Som brubyggjar millom kulturar og åndstradisjonar er Johannes Gjerdåker i sanning ein mann som ruver i landskapet. Og dette bruspennet hans gjeng frå Island, frå sagalandet vest i havet og like til Austerland, til det gåtefulle India. Me som reknar oss som ein del av venelaget hans vil med dette smålåtne festskriftet heidra mannen og verket på 70-årsdagen. 150,- |
Aslaug Låstad Lygre - Dikt i samling | Aslaug Låstad Lygre (1910-1966) gav ut seks diktsamlingar i perioden 1943-1964. I 1978 kom antologien Dikt i utval. Både den og dei tidlegare dikt-bøkene hennar har lenge vore utselde. Tidleg oppdaga komponistar som Sparre Olsen og Geirr Tveitt diktverda hennar, og i seinare år har yngre musikarar og tonesetjarar lete seg inspirera av lyrikken til Lindås-diktaren. Det er difor produksjonen til ein folkeleg og folkekjær diktar som no for fyrste gong ligg føre i ei samla utgåve. Låstad Lygre var frå fyrste stund tradisjonalist i si verseform og berre i seinare dikt er ho meir eksperimenterande med uttrykksmåten. Den finstemde og lågmælte tonen er attkjennande i alle diktsamlingane - og finst også i nokre dikt som her kjem i bokform for fyrste gong. Desse siste er utvalde av Johannes Gjerdåker, som òg har skrive eit innsiktsfullt etterord. Innb. kr. 248,-
|
Olav Nygard - Dikt i samling | Olav Nygards dikting er eit høgdepunkt i norsk lyrikk. Nygard er djupt original, og dikt som No reiser kvelden seg, Til son min og Til en ven paa Italiaferd vil alltid hevda sin plass i litteraturen og gje lesaren store opplevingar. Saman med andre dikt syner dei diktaren si store formelle og språklege evne, og let oss sjå inn i ei idéverd der "brobygg mellom jordliv og kosmisk liv" (Claes Gill) stadig er framme. I denne utgåva har Eirik Vassenden, som har doktorgraden på ei avhandling om Oval Nygards dikting, skrive eit instruktivt etterord, som gjev eit godt innsyn i den poetiske verdi til diktaren. Innb. kr. 198,-
|
Og ordet vart nynorsk | Denne boka gjev ei skildring av korleis nynorsken vart grunnlagt som religiøst mål og teken i bruk i bibeltekstene. Det er ei interessant utvikling som lesarane kan fylgja gjennom dei bortimot 150 åra med bibelomsetjing til nynorsk. Mange namn og tekster vert presenterte, og gjer det tydeleg at arbeidet med bibelmålet har vore ei viktig sak. Ei liste over alle bibelomsetjingar til nynorsk og korte biografiar over omsetjarane gjev fullt oversyn over området. Nynorsk bibelomsetjing er hovudemnet i boka, men ei innføring i bibelomsetjinga i dei nordiske landa høyrer òg med. Forfattaren, Jarle Bondevik, er professor ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen. Han har tidlegare teke dr.philos.-graden på ei avhandling om nynorsk bibelmål. Boka inneheld bilete av målarstykke med religiøse motiv av biletkunstnar Bjørg Hausle Bondevik. I band kr. 290,-
|
Viljande tankar | Viljande tankar er ei ny diktsamling av Martin Votlo, ein verbal symfoni med skjemt og ålvor, med sogesus og kvardagsliv, med barndomsminne, vare naturstemningar og undrande sjølvransaking. Hefta kr. 112,-
|
Det er landet og soga som kallar. Minneskrift Conrad Clausen | Idealisten Conrad Clausen gjorde ein eineståande innsats for norskdom, norsk kultur og samfund gjennom eit langt liv. 21. november 2002 var det 100 år sidan han vart fødd i Tacoma på den amerikanske vestkysten. Denne jubileumsboki syner oss noko av mangfaldet i arbeidet til den heilhuga kulturbyggjaren frå Askøy: som fredsarbeidar (formann i Norges Fredslag i ein mannsalder), lokalhistorikar (redaktør av sogelagsskriftet Frå Fjon til Fusa ein 30 års bolk), bladmann (redaktør av Askøy Tidend i 28 år), umtykt skribent og kåsør i aviser og kringkasting frå sist på 1920-talet til 1990. I ein innleiande bolk vert mannen og verket skildra av Anders Bjarne Fossen, Fredrik Wandrup, Jakob Skarstein, Ludvig Jerdal, Magnús H. Gíslason, Alv Askeland, Eigil Lehmann og Olav Lavik. På ulikt vis syner dei oss den makelause innsatsen Conrad Clausen gjorde for kulturlivet - både lokalt på Askøy, i Hordaland og vidare utetter - ikkje minst i fredsarbeidet og gjennom hopehavet med frendefolk på Island og dei andre øyane vest i havet. Ruvande kulturinstitusjon, venesæl samarbeidsmann, bibliofil livskunstnar, ordhag talsmann, ihuga forminnevernar er berre nokre av honnørordi som vert nytta for å gjeva oss ein tokke av alt det denne fagnamannen stod for. Hefta kr. 218,- Jan H. Landro skreiv um Conrad Clausen i Bergens Tidende 20.11.2002. Les artikkelen her.
|
Henrik Krohn - Vestmannalagsreisaren og målreisaren | Grunnleggjaren av eldste mållaget i landet, Henrik Krohn (1826-1879), var ein venekjær og offerviljug mann. Han skipa Vestmannalaget i 1868 og var fyrste formann. Um han nok var fredsæl, vart han i si tid hovdingen for målreising og nasjonalt arbeid på Vestlandet og vidare utetter. Han var fødd i Bergen, og i skilsetjande barndomsdager budde han på Stend, der han fekk livsvarande kjærleik til bondefolket. Sidan dreiv han handel i Bergen, til han i eit av kriseåri laut leggja ned handelen. So vart han fyrstikkfabrikant og fruktbonde på Stedje i Sogndal. Men hovudgjerningi i livet frå unge år til han døydde, var atterreisingi av eit norsk skriftmål på norrøn grunn og etter Ivar Aasens mynster. Krohn dreiv Ferdamannen, fyrste målbladet i landet etter Dølen. Sidan var han mannen bak Fraa By og Bygd, den stolte og einslege målskrifti som kom samanhengande gjenom heile 1870-talet, eit flokut tiår for målreising. Henrik Krohn var skald. Han gav m.a. ut ei diktsamling, forteljande diktbøker, ferdaskildringi hans "Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland" med upphavstekst og god lesarpågang. Krohn var godven med store kulturpersonar i samtidi. Som Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Kristoffer Jansen, Aasta Hansteen, Nikka Vonen, Steinar Schjøtt, Bjørnstjerne Bjørnson og mange fleire. han er umskriven i talrike artiklar, men dette er fyrste livsskildringi av Henrik Krohn i bok. I band kr. 318,- Johannes Gjerdåker skreiv um boki i Dag og Tid laurdag 14. desember 2002. Les bokmeldingi her.
|
A8 - Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen | Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er ei rikhaldig utgåve av språkleg tilfang som Ivar Aasen samla frå 1862 og til tidleg i 1880-åra. Det aller meste er leksikalsk tilfang som han skreiv opp på dei seks reisene han gjorde i desse åra, den siste til Stavanger seinsumaren 1883. Aasen samla òg ord frå informantar frå bygdene som vitja Oslo eller var busette der, og han skreiv opp frå skriftlege kjelder. Soleis er ord frå alle landsluter komne med i denne boka. Målsamlingar 1862-1883 av Ivar Aasen er utgjeven av professorane Jarle Bondevik og Oddvar Nes, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og fyrsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda. IVAR AASEN-SELSKAPET har i hovudsak til oppgåve å gjeva ut uprenta manuskript etter Ivar Aasen. Selskapet gjev ut to seriar, Serie A, Tekster, og Serie B, Kommentarar og studiar. Hefta kr. 250,-
|
Tillegg II til SULDALSMÅLET av Sigurd Sandvik | Som tittelen seier, er dette eit nytt tillegg til Suldalsmålet. Dei to bøkene som er kome før, har ordlister på til saman 8.300 ord. Dette tillegget har 1.700 ord. Til saman vert då dette 10.000 ord. Med dette reknar eg då verket om Suldalsmålet fullført frå mi side. Heile tidi har eg sendt ordtekstar til Norsk Målførearkiv Styraren på Målførearkivet, Arve Borg, skriv: "Eg er full av undring over kor mykje du får gjort. Dette arbeidet ditt og bøkene dine er ei gullgruve for oss i Målførearkivet og elles for alle som arbeider med norsk mål" Eg vonar då at suldøler, både heimeverande og utflytte, vil finna hugnad i arbeidet mitt. Alle tri bøkene er å få i bokhandelen. Hefta kr. 100,-
|
|